Gol kommune Gol skule

Lærar til vikariat skuleåret 26/27 med relevant utdanning og erfaring med begynneropplæring - 2. gangs utlysning

Gol skule er ein topp moderne 1-10 skule som var ny hausten 2016. Skulen har i underkant av 500 elevar.
et er 95 tilsette, av dette 66 lærarar. Kulturskulen har tilhald i same bygget.
Skulen er leia av rektor, avdelingsleiar småskuletrinn og SFO, avdelingsleiar mellomtrinn og avdelingsleiar ungdomstrinn.

Gol skule arbeider etter ein kvalitetsplan der visjonen er «Alle skal med». Vi er ein lærande organisasjon og satsar på tilsette med høg relasjonskompetane og ein inkluderande praksis.

Vi søkjer:
Lærar til vikariat skuleåret 2026-2027 med relevant utdanning og erfaring med begynneropplæring

Kvalifikasjonskrav:
Grunnskulelærar med formell kompetanse i tråd med kapittel 12 i Forskrift om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.

Fullført grunnskulelærarutdanning 1–7 med hovudvekt på begynneropplæring.

Vi ynskjer at du:
• kan inspirere og motivere elevar, kollegaer og føresette
• har eit tydeleg fokus på elevane si læring og arbeider målretta og sjølvstendig
• kan bruke leik som eit aktivt verkemiddel i både sosial og fagleg utvikling
• meistrar god klasseleiing og byggjer trygge og gode relasjonar med barn og unge
• er fleksibel og har gode samarbeidsevner
• er opptatt av deling og læring i profesjonsfellesskapet
• bidreg aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
• er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
• har gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg framstilling

Vi tilbyr:
• ein skule der elevane trivst og opplever meistring
• eit utviklingsorientert og engasjert fagmiljø
• eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
• eit moderne og funksjonelt skulebygg

For stillinga gjeld:
Kommunale løns- og arbeidsvilkår.

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Ansiennitet blir rekna av godkjente kopiar av vitnemål og attestar.

Send søknad:
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Søknadsfrist 30.07.26
Spørsmål om utlysinga kan rettast til rektor Morten Lien (3202 9240 /9067 4463)

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

30.07.2026

Tiltreding:

Tilsetting omgåande med oppstart 1 august.

Arbeidsstad:

Gol skule

Adresse:

Svøovegen 62 3550 Gol

Kart: