Sommarjobb – Kommunalteknisk avdeling i Gol kommune
Gol kommune søkjer to dyktige og sjølvstendige personar til sommarjobb ved kommunalteknisk avdeling.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet vil i hovudsak bestå av:
Fundamentere og montere vegskilt i heile Gol kommune. Dette er ein fysisk jobb som gjennomførast utandørs i all slags vêr. Ein vil arbeide i eit team på to.
Kvalifikasjonar
Vi ser etter deg som:
- Er i god fysisk form
- Er ryddig og strukturert
- Kan jobbe sjølvstendig, men også samarbeide i eit team.
- Har førarkort klasse B, gjerne førarkort klasse BE (ikkje eit krav, men ein fordel)
- Må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
Vi tilbyr
- Ein praktisk sommarjobb ute i felt
- Eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø
- Arbeidsvarsling kurs 1
- Lønn etter avtale
Arbeidsperiode
Frå veke 27, arbeidsslutt etter avtale
Søknad
Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
Trykk på den grøne knappen øvst til høgre: Send søknad, godta personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje opprette brukar på førehand).
Godkjende kopiar av vitnemål og attestar skal takast med dersom du blir kalla inn til intervju. Ansiennitet blir berekna på grunnlag av desse.
Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken, føresett at rett e-postadresse er oppgitt i søknaden.
Søknadsfrist: 12.06.2026
Kontaktinformasjon:
Ved spørsmål om stillinga ta kontakt med Aslak Bøygard, leiar for kommunalteknisk avdeling på aslak.boygard@gol.kommune.no eller tlf 97 16 5 004
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Gol kommune
Kontaktpersonar:
Aslak Bøygard
mob: 97165004
Heimeside:
http://https://www.gol.kommune.no/Adresse:
Gamlevegen 4 3550 Gol