Gol kommune Gol barnehage

Ledig fast stilling for fagarbeidar / assistent i Gol barnehage

Gol barnehage med dei tre kommunale barnehagane Breidokk, Herad og Vesterhuset arbeidar for ein kontinuerleg utvikling av barnehagane, og søkjar medarbeidarar som er interessert i å ta aktiv del i læring og utvikling.

Dine kvalifikasjonar:

  • Barne- og ungdomsarbeidar eller anna barnehagefagleg utdanning
  • Har relevant erfaring frå barnehage og ynskje om å gjennomføre barnehagefagleg utdanning.  
  • Evner å bruke digitale verktøy som Gol kommune nyttar administrativt for tilsette og i pedagogisk arbeid med barna.
  • Kan uttrykke deg godt på norsk, både skriftleg og munnleg.

Forventningar til deg som søkar:

  • Kreativ og leiken, samtidig som du kan vere ein tydeleg vaksenperson
  • Aktiv og bevisst vaksen saman med barna både inne og ute
  • Har evner til å skape gode relasjonar med barn
  • Kan begeistre og motivere barn, kollegaer og foreldre
  • Er interessert i barn si utvikling og medverking
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner overfor både barn, føresette og tilsette
  • Bidreg til eit raust arbeidsklima
  • Profesjonell, lydhøyr og tillitsvekkande i møte med kollegaer og foreldre
  • Jobbar sjølvstendig og tar ansvar
  • Deltar i det pedagogiske arbeidet
  • Tar medansvar ved planlegging og gjennomføring av pedagogiske aktivitetar, både inne og ute
  • Er fleksibel, positiv innstilt og initiativtakar

Vi kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk 
  • Løn etter utdanning og praksis
  • Stillingsbeskriving
  • Gratis trening

Anna:

  • Det vil ved tilsetjing bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og evne til samarbeid
  • Hallingdal har eigen MiB-gruppe for menn i barnehagane – menn blir oppfordra til å søkje
  • Dei som blir tilsett, må leggje fram tilfredsstillande politiattest jf. Lov om barnehagar  
  • Aktuelle søkjarar kan bli kalla inn til intervju, og må leggje fram kopi av vitnemål og attester 

Send søknad:

  • Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Trykk på den grøne knappen oppe til høgre: Send søknad, godta  personvernvilkåra og trykk Neste (du treng ikkje å opprette brukar først).
  • Godkjente kopiar av vitnemål og attestar må takast med til arbeidsgivar ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
  •  Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

14.12.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Gol kommune

Kontaktpersonar:

Christine Berge Ravnagnger

tlf: +47 32029112

Adresse:

Gamlevegen 4 3550 Gol

Kart: