Verksemdsleiar for Kommunalteknisk avdeling
Spennande stilling blir ledig frå om lag 1. mars 2025.
Ynskjer du å bidra til samfunnsutvikling og har interesse for teknisk infrastruktur?
Kombinert med rett utdanning og erfaring kan dette vera stillinga for deg.
Kommunalteknisk avdeling har 11 tilsette som har ansvar for planlegging, prosjektering, drift og vedlikehald for fagområda veg, vatn, avløp og renovasjon. Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga.
Stillinga rapporterer til kommunalsjef for Samfunn og utvikling.
Arbeidsoppgåver:
• fagleg og administrativ leiing og utvikling av avdelinga
• styre ressursbruken i tråd med regelverk, mål og tildelte rammer
• økonomistyring med budsjett og rekneskap
• prosjektstyring av større driftsoppgåver og investeringar
• fremje saker til politiske utval og følgje opp vedtak
• bidra aktivt i vidareutvikling av tenestene
Kvalifikasjonar:
• relevant høgare utdanning
• betydeleg erfaring kan kompensere for formell utdanning
• god norsk munnleg og skriftleg framstillingsemne
• førarkort klasse B
Vi ynskjer at du er:
• ein relasjonell og tydeleg leiar
• heilskapstenkjande, strategisk og utviklingsorientert
• strukturert og med gode evner til å prioritere
• inkluderande, serviceorientert og har gode samarbeidsevner
• god til å kommunisere
• glad i eit høgt arbeidstempo
Det er ein fordel om du har:
• leiarerfaring frå offentleg eller privat sektor
• leiarutdanning
• erfaring med prosjektleiing/styring
• kjennskap til offentleg forvaltning
• kunnskap om offentleg innkjøp
• erfaring med økonomistyring
Vi tilbyr:
• utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
• fagleg utvikling og oppdatering
• løn etter avtale
• god pensjonsordning
• hjelp til å skaffe bustad og eventuelt barnehageplass
For stillinga gjeld:
• Tilsetjing etter gjeldande lover og avtaleverk
Anna:
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut ifrå innleverte attestar.
•I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Del på:
Fylke:
- Buskerud
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.12.2024
Arbeidsstad:
Gol kommunehus
Kontaktpersonar:
Svein Eide
mob: +47 46896770
Heimeside:
http://https://www.gol.kommune.no/Adresse:
Gamlevegen 4 3550 Gol