Gol kommune Gol helsetun institusjon

Helsefagarbeidar 80 % vikariat - Nattenesta

Natt-tenesta har ledig eit vikariat i 80 % fast stilling som helsefagarbeidar. Vikariatet er ledig snarast og fram til 01.05.25 med moglegheit for forlenging. Natt-teamet har ansvar for omsorgsbustader, heimebuande brukarar og Gol helsetun med kort- og langtidsavdeling samt demensavdeling.

Kvalifikasjonar:
• Fagbrev som helsefagarbeidar, men moglegheit for at andre kan søkje
• Helse- og sosialfag frå vidaregåande skule eller tilsvarande utdanning
• Meistre norsk munnleg og skriftleg
• Grunnleggande IKT-kunnskapar
• Førarkort B

Vi ønsker at du:
• Har kunnskapar, ferdigheiter og haldningar som gir grunnlag for å yte tenester til eldre og menneske med ulike funksjonsvanskar
• Kan integrere teori og praksis, og dokumentere, kvalitetssikre og evaluere eige arbeid
• Har gode samarbeidsevner

Personlig egnethet vektlegges

Arbeidsoppgåver:
• Utøving av fagleg forsvarleg og omsorgsfull helsehjelp, med brukaren i sentrum
• Ivareta det generelle pleie- og omsorgsbehovet som pasient og brukar til ei kvar tid har behov for av tenester
• Arbeide målretta for helsefremmande, førebyggande og rehabiliterande pleie- og omsorgstiltak
• Planlegging, utføring og deltaking i det totale behandlingsopplegget for pasienten/brukaren
• Arbeide i samsvar med gjeldande hygieniske, ernæringsmessige og ergonomiske prinsipp
• Handtere medikament etter gjeldande lovverk og autorisasjon
• Krav til rapportering, journalføring og dokumentasjon
• Observere verknad og biverknad av medisin - gje munnleg eller skriftleg rapport om eventuelle endringar/reaksjonar hjå brukar
• Kunne dele ut medisin etter fullført grunnkurs i medisinhandsaming og etter delegasjon
• Delta og medverke til tverrfagleg samarbeid til beste for tenestemottakarane
• Medverke til opplæring/rettleiing av nye medarbeidarar
• Halde seg orientert om endringar i lov, føresegner og avtalar som regulerer fagleg tilbod
• Medverke til eit helsefremmende arbeidsmiljø

Vi tilbyr:
• Eit godt arbeidsmiljø med varierte, utfordrande og sjølvstendige arbeidsoppgåver og med moglegheit til å bruke eigne evner og kreativitet.
• Lønn og arbeidsvilkår etter gjeldande lov og avtaleverk

Anna:
• Gyldig politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, må leggjast fram før tiltreding i stillinga
• Attestar og vitnemål må takast med til eventuelt intervju, det blir berre rekna ansiennitet ut i frå innleverte attestar.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette, det skal gode grunnar til for at dette skal bli teke til følgje. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir brukt.
• Alle søkare vil få kvittering på at søknaden er mottatt dersom det er fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Buskerud

Jobbtype:

Vikariat

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

19.05.2024

Arbeidsstad:

Institusjon og natt

Kontaktpersonar:

Sølvi Listøen

mob: +47 48098569

Adresse:

Gamlevegen 4 3550 Gol

Kart: