Gol kommune Helseavdelinga

Er du vår nye

Sjukepleiar kommunelegekontoret - 100 % fast stilling

Frå 1. august er det er ledig ei 100 % fast stilling som sjukepleiar ved kommunelegekontoret på Gol. Legekontoret har for tida 6 legar, 4 sjukepleiarar og 1 resepsjonsmedarbeidar i heile stillingar og deltidsstillingar. Tenesta har triveleg og fine lokale i same bygg som helsestasjon og jordmortenesta.

Tenesta er organisert under helseavdelinga, med avdelingsleiar som næraste overordna og avdelingssjukepleiar som ansvarleg for dagleg drift.

Arbeidsoppgåver:
• Arbeid i resepsjon
• Arbeid på laboratoriet
• Arbeid på skiftestue

Kvalifikasjonar:
• Sjukepleiar med autorisasjon

Vi søkjer ein medarbeidar som:
• Har erfaring frå legeteneste eller anna relevant erfaring
• Har evne til god pasientbehandling
• Er effektiv og systematisk
• Har gode samarbeidsevner
• Har evne til å takle ein hektisk kvardag
• Har evne til god kontakt med pasientar

Vi tilbyr:
• Eit godt og triveleg fagmiljø
• Spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver

For stillinga gjeld:
• Lønn etter utdanning og ansiennitet
• Tenestepensjon
• Rekruttere- og behaldetillegg på kr 30 000,-

Anna:
• Politiattest må leggast fram
• Det vil bli kalla inn til intervju, og det vil bli lagt vekt på å vera personleg egna for stillinga.
• I skjemaet er det mogleg å kryssa av for at søknaden ikkje skal verta offentleggjort. Dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal verte offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarane likevel kan verta offentleggjorde, jamfør offentleglova §25. Du vil då bli varsla om dette på førehand slik at du har høve til å trekkje søknaden din.

Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta. Godkjende kopiar av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.

Del på:

Fylke:

  • Viken

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

01.06.2022

Arbeidsstad:

Kommunelegekontoret

Kontaktpersonar:

Ingebjørg By Teigen

tlf: +47 32029118

mob: +47 91348300

Stine Ljungberg Roe

tlf: +47 32029200

Adresse:

Gamlevegen 4 3550 Gol